Mappa Mundi

Mappa Mundi - ett kunstverk av Jumana Manna - med tilknytning til pilegrimslivet

Eit kunstverk inspirert av Hereford Mappa Mundi frå 1285. Eit religiøst og historisk kart slik pilegrimen oppfatta verda i middelalderen. Der Middelhavet og Jerusalem var verdas senter og paradis låg i aust., og verda var Jesu sin kropp som favnar verda. Mappa Mundi syner korleis den religiøse verda strekkjer seg frå middelhavet ned mot Egypt, Etiopia og Nilen i sør og England, Russland og Svartehavet i nord.
Hereford Mappa Mundi heng i katedralen i Hereford, England, det er det eldste bevara og mest kjende religiøse verdskartet. Slike kart vart brukt av datidas pilegrimar som eksistensielle kompass og orienteringspunkt. Karta vart også brukt til meditasjon og refleksjon i klostra.


Kunstverket Mappa Mundi er laga i Jericho i steinmosaikk av kunstneren Jumana Manna og er ein abstrakt gjengjeving av Hereford Mappa Mundi.
Jumana Manna er palestinsk-amerikansk og er nå busett i Berlin. Jumana Manna valde Dale-Gudbrands Gard som plassering fordi det er ein historisk stad og har direkte samanheng med pilegrimskarta; pilegrimar i nord Europa valfarta til Olav den Heilages grav i Trondheim gjennom Gudbrandsdalen