GUDBRANDSDALSMUSEA- SOMMERENGASJEMENT - GARDSBUTIKKEN

Gudbrandsdalsmusea søker sommertilsett til gardsbutikken for 2018

Gudbrandsdalsmusea AS avd. Gardsbutikk søkjer etter sommartilsett for sesongen 2018.

Gardsbutikken held til på Dale-Gudbrands Gard på Hundorp i Sør-Fron kommune og er ein del av Gudbrandsdalsmusea si verksemd på garden. Stillinga som tilsett Gardsbutikken er variert og inneber mykje sjølvstendig arbeid. Men ein arbeider i team og er ein interessant stilling. Som tilsett har du ansvar for å opne og stengje gardsbutikken, gje informasjon til besøkande, formidle kulturhistorie, sal av mat og handverksprodukter, drive enkel servering (Kaffi/te, vaflar/anna biteti), samt gje informasjon til vandrarar langs Pilegrimsleden. Vi kan tilby eit veldig variert arbeid i trivlege omgjevnader med mykje historie . Du vil her få gode moglegheiter til å bruke mange sider av deg sjølv som vertskap i møte med publikum.
Vi søkjer:

• Er positiv og utadvent
• Er interessert i historie generelt (ein fordel med kjennskap til lokalhistorie)
• Kan arbeide sjølvstendig og ta initiativ
• Likar å formidle
• Har gode språkkunnskapar (min. norsk og engelsk)
• Søkjar må være over 18 år
• Førarkort for bil (kl B)

Gardsbutikken held ope frå og med 15 juni til og med 30 august i tida 12 – 18. Arbeidstida er frå 1100 til 1800. Det er ikkje naudsynt å arbeide heile perioden. Den som blir tilsett vil få opplæring. Løn etter avtale.
Tykkjer du dette verker interessant? Send ein kortfatta søknad med CV til:
Per Gunnar Hagelien
Pilegrimssenter Dale-Gudbrand
Hundorpgjelin 10
2647 Sør-Fron
Tlf 45604608

E-post